Vil du vere fadder 2017?

Vil DU vere med å gjere studiestarten til dei nye studentane so god som mogleg? Meld deg som fadder no!

Tida flyg når ein har det kjekt! Nok eit studieår nærmar seg slutten, og det betyr at vi leitar etter studentar som vil vere fadder for dei nye studentane som kjem til hausten. Høyrast det ut som noko du kunne gjort? 

Ein får sjølvsagt litt pynt på CV'en i form av ein attest for det flotte arbeidet dåke gjer som faddrar. I tillegg til attest får du mange nye venner, god stemning og ei flott erfaring! 

Send inn din søknad HER

Om du har nokre spørsmål om korleis det er å vere fadder, har fadderkomitéen stand i kantina på Høgskulen Onsdag 05.04.17! Ikkje ver redd for å spørre eller ta kontakt! 

 

Håpar me sjåast til hausten!