Vi søker ny BOOKINGANSVARLEG!

Søk på booking her!  Bli med og form faddervekene, haustsemesteret og ikkje minst VEKAO 2020! Søknadsfrist 20. mai!

Vi søker ny BOOKINGANSVARLEG!

Om ikkje lenge reiser ein av våre to bookingansvarlege, Marcus Bjørnestad, ut på nye eventyr til Estland. Difior treng vi ein ny bookingansvarleg som kan jobbe saman med Martine Ryan Gulstad for å få til best mogleg booking til Meieriet som vil fenge vårt mangfoldige studentsamfunn her i Sogndal. 

Som bookingansvarleg er det viktig å halde seg oppdatert på kva for nokre artistar som er aktuelle og "inn" for tida. Ein må òg kunne kommunisere godt med andre, som til dømes andre ledd ved studenthuset, og managementet til eventuelle artistar.

Har du lyst til å vere meir engasjert og ha høve til å påverke studentmiljøet i bygda? Søk på stillinga, og få mange gode erfaringar og minner med på kjøpet! 

Sjekk ut intervju med to tidlegare bookinansvarlege (til høgre) for meir informasjon om stillinga.