Jakta på styret 18/19 er i gang!

Detta er gjengen som sitt i styret no. Er det deg til neste semester?

Detta er gjengen som sitt i styret no. Er det deg til neste semester?

Sjølv om det kanskje ikkje heilt følast slek ut, så er det ikkje så lenge igjen av detta skuleåret. Derfor er prosessen no igang med å finne eit nytt styre til Studenthuset Meieriet for det kommande skuleåret.

Styret på studenthuset består av sju studentar, som har ulike verv og oppgåver. Det å sitte i styret byr på mange nye møter og erfaringar, det kan til og med vere ein risiko for å lære noko nytt.


Dei ulike verva er:

  • Styreleiar
  • Nestleiar
  • Økonomiansvarleg
  • Driftsansvarleg
  • Arrangementsansvarleg
  • Informasjonsansvarleg
  • Kreativ

Vi ynskjer nominasjoner til det nye styret. Nominer deg sjølv eller nokon du har trua på!

NOMINASJON

Dei nominerte vert siden plukka ut og det vil bli intervjurunder av ein nedsett valgkomité.
Når komiteen så har valgt dei personane dei vil innstille til styret, vert dette teke med til generalforsamlinga.