Studenthuset med ny logo

På Generalforsamlinga i 2014 vert det tatt opp eit ynskje om å få ein ny logo, som kunne representere studentorganisasjonen SiS betre.

 

Generalforsamlinga gav dermed styret i SiS (Studentsamfunnet i Sogndal) mandat til å nedsetje ei arbeidsgruppe som skulle sjå på logoane som er knytta til organisasjonen og studenthuset. Salen argumenterte med at verken vifta til SiS  eller katten til Meieriet(SISOF) var noko studentane kjende seg igjen i. Dessutan kom det fram at det var forvirring rundt korleis logoane ble brukt, og at det var for mange logoar å forholde seg til

 

                 

Dei gamle logoane.

 

Komitéen bestod av fem medlemmer, som jobba tett opp mot både styret i SiS og SISOF-administrasjonen. Komitéen foreslo å bruke det karakteristiske omrisset av huset som ny logo. Dette omrisset ville vere veldig lik det som allereie nyttast på fana til SiS, facebookprofilen, gensarar til dei frivillige og på infoskjermane inne på huset. Meieribygningen er såpass sentralt i Sogndal sitt “bybilde” at det aldri vil vere tvil om kva bygg som er avbilda på logoen, og som ei forlenging vil det då heller ikkje vere tvil om kven logoen tilhøyrer. Ved å benytte omrisset av Meieriet i logoen vil det óg komme tydeleg fram kvar studentorganisasjonen held til. 

I same prosess foreslo komitéen at det ville vere fordelaktig at Studentsamfunnet i Sogndal endra namn til Studenthuset Meieriet, og at namnet skulle bli en del av den nye logoen. “Studentsamfunnet i Sogndal” var eit namn som ikkje ga ei god nok peikepinn på kva organisasjonen jobba med, og eit namn som ikkje blei brukt i like stor grad som "Meieriet".

Eit anna argument for namnebyttet var at Lurkarlaget, Studentspretten, Sjøspretten og Studentparlamentet er ei like stor del av studentsamfunnet i Sogndal som SiS. Dermed var det rart at SiS skulle beholde det eksisterande namnet og samtidig framstå som ein organisasjon som er likestilt med dei andre studentorganisasjonane. Det nye namnet ble vedtatt på årets generalforsamling, og det blei gitt mandat til å fortsette arbeidet med den nye logoen. Logoforslaget vart så sendt vidare til grafikkdesignarane i Catch Media. Dei kom fram med fleire forslag og resultatet ser du her: