Meieriet søker ny bookingansvarleg!

Meieriet søker ny bookingansvarleg!

 

Neste semester reiser ein av våre to bookingansvarlege, Kaja Røed Øyen, på utveksling, og vi treng difor ein ny bookingansvarleg som kan jobbe saman med Marcus Bjørnestad for å få til eit sabla godt vårsemester. 

Som bookingansvarleg er det viktig å halde seg oppdatert på kva for nokre artistar som er aktuelle og "inn" for tida. Ein må òg kunne kommunisere godt med andre, som til dømes andre ledd ved studenthuset, og managementet til eventuelle artistar.

Har du lyst å vere meir engasjert og ha høve til å påverke studentmiljøet i bygda? Søk på stillinga, og få mange gode erfaringar og minner med på kjøpet! 

Meir informasjon finn du i søknadsskjemaet HER!

OBS! Søknadsfrist er søndag 04. november.