Meieriet er på leit etter ny medlemsansvarleg!

Meieriet er på leit etter ny medlemsansvarleg!
Ei av oppgåvene til Meierimauransvarleg er å organisere og sørge for at alle medlemmar i Studenthuset Meieriet blir sett opp på ein vakt med maurtjeneste i løpet av skuleåret. Dette går også ut på å kommunisere med medlemmane med tanke på arbeidsdager, svare på mail og andre henvendelsar. Vervet innebærer også møter som medlemsmøte og driftsmøter.
 
Hovudoppgåva til medlemsansvarleg er å halde oversikten over medlemmane til Studenthuset Meieriet. Ha oversikt over kva som skjer på huset med tanke på konsertar og andre arrangementer slik at det blir sett opp tilstrekkeleg med folk på jobb. I arbeidet med å sette opp studentane på jobb nyttar medlemsansvarleg programmet LinTicket, og dermed krevast det at ein setter seg godt inn i detta programmet. Ein vil sjølvklart få god opplæring i alle rutinar.
 
Belønning til medlemsansvarlig er frikort som kan nyttast på alle arrangement i regi av Studenthuset Meieriet. Ein får også moglegheiten til å delta på Tematuren som avvikles om våren, samt julebord, interne festar og alle andre goder for dei aktive på huset. I tillegg får man attest for sitt verv.
 
SØK HER