Lansering: Ny kreativ undergruppe på veg!

Vi på Studenthuset Meieriet lanserer dette semesteret ei heilt ny undergruppe under divisjon Kreativ.

Lansering: Ny kreativ undergruppe på veg!

Har du og kanskje ein venn nokon gong hatt ein interessant samtale og plutseleg tenkt: "Dette skulle fleire ha fått med seg", eller har du kanskje gått på skitur i fjellet ein nydeleg vinterdag og tenkt: "Dette skulle fleire ha sett"? Eller har du rett og slett ein draum om å dokumetere element frå kvardagen din på ein kreativ måte? Vel, då kan denne nye gruppa vere noko for akkurat deg, den skal faktisk dreie seg om til dømes podcasting og YouTubing. Grunnleggjande utstyr stiller vi på Meieriet med, som til dømes datamaskin, mikrofonar, GoPro og diverse andre kamera. Planen er at gruppa skal vere oppe og gå i byrjinga av februar, så hiv deg rundt og bli med på å bygge denne nye gruppa. 

Så over til Konkurransen med stor K. Det meste som trengs er på plass, MEN vi manglar namn på undergruppa! Meiniga er at dette skal kunne brukast som eit slags brukarnamn på diverse kanalar slik at det er lett å finne tilbake til det som vert produsert frå gruppa (det kan etterkvar òg bli aktuelt å utvikle ulike serienamn). Om du har eit godt forslag til eit slikt brukarnamn som vi kan bruke til denne gruppa, send det inn til kreativ@meieriet.no. Vi vil trekke ein vinnar! Premien er som sagt GRATIS INNGANG TIL HEILE F****INGS VEKAO 2019!! 

OBS! Konkurransen tek slutt 1. februar, så ver om deg!