Jakta på Vekaokomitéen er i gong!

Jakta på Vekaokomitéen er i gong!

Komitéen er den gjengen som skal hjelpe vekaosjefen med å lage verdas råaste studentfestival, er dette noko for deg eller nokon du kjenner? SØK I DAG!!

Dei forskjellige rollene ein kan søke på er:

Info

VEKAO's infoansvarleg! Ein skal sørge for at folk får den informasjonen dei leitar etter. Gjerne før dei må begynne å leita...! Er du passe teknisk kapabel og har kontroll på SoMe? Søk info da for fa**!

 

Arrangement

Som arrangementsansvarleg skal ein lage dagsprogram for VEKAO. Desse arrangementa har tidlegare bestått av ulike kurs, foredrag, konkurransar og mykje meir, kun fantasien set ein stoppar for kva ein kan arrangere!

 

Mediasjef

Som mediasjef har ein ansvaret for foto og film før, under og etter VEKAO. Me søker etter deg som likar å ta bilete, og som kan tenkje deg å leike deg litt på photoshop for å lage plakatar, banner og mykje anna spennande for VEKAO.

 

Sponsorsjef

Som sponsorsjef skaffar du sponsorar til VEKAO, i tillegg til premiar for alle konkurransane i løpet av VEKAO. Her lærer du masse om korleis ein jobbar opp mot andre bedrifter og det er ein super arena for å bygge nettverk, samtidig som du får masse skryt når du fiksar nye sponsorer, bare gull!

 

Frivilligsjef

Som frivlligsjef har man ansvar for alle dei frivillige som er med på å gjøre VEKAO til det den er. Er Excel din venn, og du er flink til å holde styr på folk og dyr? Da er du den fødte Frivilligsjefen.

Søknadsfrist: 26. September

 

SØK HER