Generalforsamling 2019!

Generalforsamlinga vart i år som alle andre år gjennomført på ein profesjonell måte.

Til venstre: Joakim Steinholm, Marita Helland, Anders Hovland, Oda Ormbostad, Fatima Ouakkaha, Jenny Skogly og Håvard Huglen.

Til venstre: Joakim Steinholm, Marita Helland, Anders Hovland, Oda Ormbostad, Fatima Ouakkaha, Jenny Skogly og Håvard Huglen.

Det var særs viktige ting som vart teke opp på generalforsamlinga, slik det alltid er. Blant anna gjekk vi gjennom årsmeldinga der diverse styremedlem fortalde om året som har gått på vegne av sine UGL'ar og undergrupper. Vidare gjekk vi gjennom nokre store (og andre ymse) endringar i vedtektene, då dei ikkje har blitt oppdatert sidan 2015. Blant anna vart omgrepet "Meierimaur" omgjort til "Medlemsvakt", og det berykta kumlokket fekk sin fortente plass blant vedtektene (nest nederst).

I tillegg gjekk vi gjennom fjorårets rekneskap og årets budsjett, til alles jubel og glede, og forsamlinga godkjente styret sin rapport frå arbeidet med handlingsplanen. Forsamlinga godkjente òg den nye undergrupa "Meiografen" som no har fått tilhøyrsle i vedtektene.

Evig medlemskap vart delt ut til fylgjande: Stine-Lise Hundsnes, Andrea Skjæret, Benedikte Raad, Christoffer Kjendlie, Julian Hemmingsen og Jan Rune Dimmen. Gratulerer.

Til slutt vart det valt nytt styre for perioden 19/20: Joakim Steinholm, Marita Helland, Anders Hovland, Oda Ormbostad, Fatima Ouakkaha, Jenny Skogly og Håvard Huglen. Vi i det avtroppande styret ynskjer dykk lukke til i den nye kvardagen. Kos dykk!