Sondre Lerche er klar for VEKAO 2017!

Haustsemesteret er godt igang, og det betyr at vi allereie er langt på veg med planlegginga av VEKAO 2017. Første artist er på plass og det er ingen ringere enn Sondre Lerche!

Sondre Lerche er klar for VEKAO 2017!

 

Sondre Lerche har lansert si lengste Norgesturné nokonsinne og Sogndal blir sjølvklart ein del av denne turnéen! Han legg turen innom Meieriet onsdag 15. mars og lovar å gjere heile Tanken om til eit mørkt og svett kjellarlokale fyllt med god musikk og danseglede.

Me gler oss utruleg mykje og ynskjar Sondre Lerche velkomen attende til Sogndal og til VEKAO - Noregs beste studentfestival!

Billettar i salg frå måndag 26. september kl. 14.00,
på styrekontoret og på nett.
 

Er du spent på kva meir VEKAO 2017 vil by på?
Følg oss på Facebook og Instagram.
Du finn oss i tillegg på Snapchat @vekaoisogndal

Me sjåast!