Fadderkomité 2018

Fadderkomité 2018

Ynskjar du å gi dei nye studentane hausten 2018 den beste starten på studietida, utfordre deg sjølv og vera med å skapa engasjement i studentmiljøet? Då er Fadderkomitéen noko for deg! Som medlem av komitéen svarer du direkte til Fadderansvarleg, og samarbeider tett med høgskulen og alle fadrane gjennom heile fadderperioden! Det er eit spennande, innhaldsrikt og lærerikt verv. Søknadsfrist TBA

Fadderkomitéen består av fire studentar. Du er med på planlegging og gjennomføring av faddervekene. Dette innebærer alt frå planlegging av og ansvar for dag- og kveldsaktivitetar, i tillegg til sjølve utvelginga av alle fadrane før sommaren. Som medlem av fadderkomitéen får du halvpriskort på Meieriet heile vårsemesteret (med unntak av VEKAO), frikort under faddervekene og attest frå Studenthuset Meieriet.


Høyres dette ut som noko for deg eller nokon du kjenner? 

SØKNAD