Fadderansvarleg 2017? Søk no!

Fadderansvarleg 2017? Søk no!

Ynskjar du å gi dei nye studentane hausten 2017 den beste starten på studietida, utfordre deg sjølv og vera med å skapa engasjement i studentmiljøet? Då kan jobben som fadderansvarleg vera noko for deg! Som fadderansvarleg har du ansvar for gjennomføringa av faddervekene i eit tett samarbeid med ein fadderkomité, studentorganisasjonane, høgskulen, lokalbefolkninga, og ikkje minst fadrane.

 

Som fadderansvarleg startar du allereie i februar. Du vil ha overodna ansvar for fadderkomiteen som består av 4 studentar + deg sjølv, rekrutteringa av nye fadrar og samkøyring av fadderprogrammet for opningsvekene. Du vil vere kontaktperson mellom Studenthuset Meieriet, fadderkomiteen og Høgskulen. Eit av krava som vert stilt til fadderanvarleg er at du må vere i Sogndal veka før studiestart på skuleåret 17/18. Du vil óg ha ansvar for at informasjonshefte frå studentorganiasjonane, som skal sendast ut til alle som får tilbod om studieplass er ferdig trykt og levert til høgskulen innan 1.juli. 

Godene du får som fadderansvarleg er halvpriskort heile vårsemesteret på Meieriet (utanom VEKAO) og frikort på Meieriet under faddervekene. Du vil og få attest frå Høgskulen og lønn 10.000,-

 

Søknadsfrist 31. januar