Eksterne arrangement ¦ Hausten

Eksterne arrangement ¦ Hausten

Det er ikkje berre Studenthuset Meieriet som arrangerar konsertar og festar på Meieriet, vi får også besøk av ein del eksterne arrangørar vi samarbeidar med, som lånar bygget til diverse arrangement. 

Laurdag 29. oktober får vi besøk av SognaBlest, som held forskjellige kurs, seminarar og workshops for musikkmiljøet. 

Opplegget er som følger:

Registrering frå kl.12.30
Kl.13.00-17.00 Estetikk i lysdesign
Kl.14.00-17.00 Låtskrivarworkshop
Kl.14.00-17.00 Kurs i m.a. SoMe for arrangørar
Kl.17.00-18.00 Q&A med Kjartan Lauritzen

Vi avsluttar dagen med ei rekke konsertar med artistar frå Sogn og Fjordane. Vi opnar dørene kl.20.00. 

Artistene som spiller på SognaBlest er:
- Vanity
- Atilla
- Kjartan Lauritzen

Den andre eksterne arrangøren som kjem på besøk er Ei gåve, frå meg til deg.

Det er ei gruppe studentar som går på Høgskulen i Sogn og Fjordane, og i faget prosjektledelse har dei satt igang eit prosjekt som har fokus på kampen mot kreft. I den anledning har dei blant anna planlagt ein konsert på Meieriet med gratis inngang, der dei besøkande vil bli oppfordra til å donere pengar til Kreftforeninga. Denne vil foregå på Laben på Meieriet onsdag 2. november, frå kl. 19.00. Her skal Stian Sunde og Sara Troland synge. Det vil vere ope som ein vanleg onsdag med Wineyard, samt at dei vil vere til stades for å promotere saken og svare på eventuelle spørsmål.

 

 

21. November er det tid for foredragaget "Snu motgang til medgang" med Marius Løken

I 2011 vart Marius frå Hallingdal påførd 20 knivstikk i det som vert kalla Halloween-drapet, og havna i koma. Han har hatt ein tøff veg tilbake, både mentalt og fysisk. Gjennom si sterke historie ynskjer han å motivere mennesker, og dele sine metodar for å snu motgang til noko positivt. Gjennom sin historie ynskjer Marius å kunne bidra til at kver enkelt kan få meir ut av sitt eige potensial. Det er utruleg kor mykje kapasitet, mot og styrke eit menneske besitter i motgang! Han forteller ærlig om sine erfaringar og verktøy, som er nyttige og motiverande i både arbeids- og dagligliv.

Foredraget er særs relevant med tanke på mental helse, då også med perspektiv på det fysiske som ein viktig del.